Dei nasjonale forskingsetiske komiteane (FEK) er eit forvaltingsorgan som er underlagt Kunnskapsdepartementet.Komiteane skal bidra til at forsking i offentleg og privat regi følgjer anerkjende forskingsetiske normer. Dette gjer vi gjennom førebyggjande arbeid, rådgiving og handsaming av enkeltsaker.
Vi søkjer ein jurist som er interessert i forskingsetikk og har erfaring innanfor statleg forvalting. Ettersom sakshandsaming for Den nasjonale forskingsetiske komiteen for medisin og helsefag (NEM) vil utgjere ein stor del av arbeidsoppgåvene, er erfaring frå juridisk arbeid innanfor NEM særleg viktig.
Arbeidsoppgåver
betjene sekretariat og komitear med varierte juridiske oppgåver, der hovudvekta vil vere på oppgåver innanfor statleg forvalting – klagesaker, forvaltingsrett
hjelpe sekretariat og komitear med juridiske utgreiingar
bidra til skriving av høyringssvar, vedtak og fråsegner
assistere med lovtolking
vere diskusjonspartnar
Kvalifikasjonskrav
Master i rettsvitskap eller anna tilsvarande høgare juridisk utdanning
3–5 års relevant arbeidserfaring innanfor statleg forvalting
Særs gode norsk- og engelskkunnskapar skriftleg og munnleg
Ønskte kvalifikasjonar/personlege eigenskapar
kjennskap til offentleglova, helseforskingslova, forskingsetikklova, personopplysningslova og andre relevante lover
kjennskap til utforming av vedtak
kjennskap til helseforskingsområdet og Regionale forskingsetiske komitear (REK)
interesse for og kjennskap til forskingsetikk og FEK
god gjennomføringsevne
evne til å jobbe både sjølvstendig og i team
evne til å samarbeide godt på tvers av fag
Spørsmål om stillinga
Viss du har spørsmål om stillinga, kan du kontakte seniorrådgivar for HR og økonomi, Torunn Ellefsen, på telefon: 23 31 83 06 eller direktør Helene Ingierd, på telefon 23 31 83 04.
Vikariat i 1 år frå 15.11.2021, med moglegheit for forlenging
Hyggeleg arbeidsmiljø sentralt i Oslo sentrum
Løn etter avtale. Stillinga blir lyst ut som rådgivar (kode 1434), med eit lønsspenn på 560 000–650 000 kr
Søknad med attestar og vitnemål blir registrerte via www.jobbnorge.no
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i samfunnet, og det er eit mål for Dei nasjonale forskingsetiske komiteane at personalet skal vere balansert samansett. Kvalifiserte søkjarar blir difor oppmoda til å søkje, uavhengig av kulturell bakgrunn, hol i CV, alder eller funksjonsevne.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane kan bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista, jf. offentlegheitslova § 25.