ADVOKATJOBB:

Politiadvokatar
Søknadsfrist: 31. januar
Vi treng politiadvokatar til å etterforske og føre saker for retten innanfor økonomisk kriminalitet og miljøkriminalitet.
Straffesaksarbeidet skjer i tverrfaglege prosjekt med juristar og etterforskarar som har politi-, økonomi-, miljø- og datafagleg bakgrunn. Politiadvokatane i Økokrim tek del i etterforskinga av sakene og fører dei for retten etter beslutning fra saksansvarleg statsadvokat.
Vi er på jakt etter deg som
- er samfunnsinteressert og følgjer med i nyheitsbiletet
- ønskjer å koma til botn i kompliserte sakshøve
- kan handtera og analysera mykje informasjon
- kan skilja det viktige frå det uviktige og ser det enkle i det komplekse
- er interessert i å setje deg inn i nye saksområde
- trivst med å arbeide tett med andre profesjonar
- viser initiativ
- ikkje let deg skremma av nye utfordringar og er uthaldande
Arbeidsoppgåver
- planleggje, organisere, etterforske og hjelpe til med å påtale straffesaker
- aktorere saker for tingrett og lagmannsrett
- kan få ansvar for straffesaksprosjekt og andre prosjekt
- drive opplæring internt og eksternt
- kan få funksjon som personalleiar med personalansvar
Kvalifikasjonar
- juridisk embetseksamen eller mastergrad i rettsvitskap med gode resultat
- særs gode juridiske kunnskapar
- normalt 5–8 års relevant yrkeserfaring
- erfaring frå straffesaksarbeid er ein fordel. Vi legg òg vekt på anna relevant arbeidserfaring og/eller annan relevant kompetanse
- særs god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk
Personlege eigenskapar
- høy integritet og evne og vilje til nært tverrfagleg samarbeid
- særs gode relasjonelle evner og kunne skape resultat i samhandling med andre
- oppteken av å utvikle eigen og andre sin kompetanse
- særs god arbeidskapasitet og evne til å gjennomføre planer og oppnå resultat
- særs gode analytiske evner
- initiativrik og endringsvillig
Vi tilbyr
- interessant arbeid med samfunnsrelevante straffesaker
- eit godt arbeidsmiljø med engasjerte medarbeidere
- tverrfagleg teamarbeid
- utfordrande arbeidsoppgåver
- sterke fagmiljø
- samarbeid med myndigheiter i inn- og utland
- gode høve til fagleg og personleg utvikling
- medlemskap i Statens pensjonskasse
- fleksibel arbeidstid
- trening i arbeidstida
- løn som politiadvokat (stillingskode 1245), kr 700 000–800 000
- høyere avlønning kan vurderes ved særlig kompetanse/erfaring
- i tillegg får politiadvokatar i Økokrim eit mellombels tillegg for unnatak frå arbeidsmiljølova (for tida kr 37 242,90 pr. år)
Kontaktinformasjon
Petter Nordeng, leder juridisk avdeling, 23291027