ADVOKATJOBB:

Er du vår nye kommuneadvokat som skal leie og utvikla kontoret vidare?

Søknadsfrist: 11. oktober

Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med omlag 39 500 innbyggjarar og 2 800 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong og i Skogsskiftet. 

Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.


Les mer om oss her.


Søknadsfrist:
11. oktober


Arbeidssted:
Straume

Jobbtype: Kommuneadvokat

Type stilling: Fast


SØK STILLINGEN HER

Er du samfunnsengasjert og lyst til å arbeide med juridiske oppgåver innan for eit bredt spekter av rettsområde? Vere del av utvida leiargruppe til kommunedirektøren og hans strategiske rådgjevarteams?

Om avdelinga

Kommuneadvokatkontoret skal ta i vare kommunen sitt behov for juridisk bistand, intern rådgjeving for tenesteområde, administrativ og politisk og advokat tenester. Arbeidsoppgåvene er i dag fordelt mellom advokatane etter fagkompetanse.

Stillinga er organisatorisk plassert som avdeling kommuneadvokaten i eininga Tryggleik som har totalt 11 tilsette der over halve avdelinga er juristar. Arbeidsfeltet til Tryggleik er breitt og famnar om tema som personvern, samfunnstryggleik, kvalitet/internkontroll og HMS. Kommuneadvokaten er uansett uavhengig og rapporterer fagleg til Kommunedirektøren.

Advokatane har eigen portefølje frå heile kommunen, men får ta del i eit godt fagleg og kollegialt miljø med alle på Tryggleik. Kommuneadvokatkontoret har tre tilsette. Ein kommuneadvokat, ein advokat og ein advokatfullmektig som får bevilling ved årsskifte. Kontorplass er på rådhuset i Straume og lokalisert saman med dei tilsette på eininga Tryggleik.

Arbeidsoppgåver: 

  • Juridisk bistand i offentleg og privat rett innanfor rettsområda kommunen forvaltar.
  • Personal og fagansvar for dei tilsette ved kommuneadvokatkontoret (avdelingsleiar)
  • Prosedyre av saker for kommunen i ulike rettsinstansar og forvaltningsorgan.
  • Deltaking i forhandlingar med eksterne partar.
  • Bidra med råd og rettleiing til kommunedirektør og folkevalde
  • Delta på formannskaps- og kommunestyremøte ved behov
  • Opplæring i sentrale rettsområde for kommunen

Kvalifikasjonar:

Må ha: 

  • Master i rettsvitskap eller cand.jur.
  • Advokatbevilling
  • Dokumentert erfaring frå relevante rettsområde
  • Eit godt juridisk skjønn og god gjennomføringsevne
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne i norsk (nynorsk).
  • Erfaring frå offentleg sektor
  • Personleg eigna

Ønskjeleg med:

Erfaring frå fleire av desse fagområda

  • Forvaltningsrett og kommunalrett
  • Arbeidsrett
  • Erstatningsrett
  • Helserett
  • Avtalerett
  • Offentleg anskaffingar

Personlege eigenskapar: 

  • Løysningsorientert
  • Stor arbeidskapasitet og fleksibilitet
  • Spesielt gode samarbeidsevner og kommunikasjonsferdigheiter
  • Framoverlent, nysgjerrig og fagleg engasjert
  • Like å prosedere
  • Legge til rette for eit kollegialt arbeidsmiljø preget av fag, samhandling og godt humør

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA-bedrift
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling
  • Medlemskap i advokatforeininga
  • Forsikringsdekning

Kontakt: 

Einingsleiar Tryggleik June Margrethe Johannesen 

+47 56 16 14 91 | +47 481 32 938

Konstituert kommuneadvokat Trine Øren

+ 47 986 38 154

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.

Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

Powered by Labrador CMS