ADVOKATJOBB:

To juristar til bustads- og bygnadsavdelinga (førstekonsulent/rådgivar og seniorrådgivar)

Søknadsfrist: 15. september

Kommunal- og moderniseringsdepartementet
har ca. 380 tilsette og er sekretariat for kommunal- og moderniseringsministeren,
distriks- og digitaliseringsministeren og resten av politisk leiing. Departementet har ansvar for ei rekkje etatar og verksemder.

Bustad- og bygningsavdelinga har ansvaret for å følgje opp bustad- og bygningspolitikken til regjeringa.

Avdelinga har etatsstyringsansvaret for Husbanken, Direktoratet for byggkvalitet og Husleigetvistutvalet.


Søknadsfrist: 15. september

Arbeidsstad: Oslo

Jobbtypar: Jurist

Varigheit: Fast

SØK STILLINGA

Er du interessert i å jobbe i eit kunnskapsrikt og hyggjeleg miljø med andre dedikerte juristar?

Vi søkjer to medarbeidarar med fagleg interesse for bustadjuss som skal vere med på å vidareutvikle bustadlovene og bustadpolitikken. Bustad- og bygningspolitikken har høg politisk og samfunnsmessig aktualitet. Du får spennande oppgåver i skjeringspunktet mellom fag og politikk.

Bustadseksjonen har ansvar for å sikre balansert regulering av rettar og plikter ved leige av bustad og blant eigarar i burettslag og eigarseksjonssameige. Ansvaret omfattar forvaltning og vidareutvikling av husleigelova, eigarseksjonslova, burettslagslova, bustadbyggjelagslova og lova om kommunal forkjøpsrett til leigegardar med tilhøyrande forskrifter ("bustadlovene").

Ein stor del av arbeidet i seksjonen knyter seg til lovutgreiingsarbeid og tolkingsfråsegner. Seksjonen har òg ansvar for å forvalte og utvikle juridiske verkemidel som bidreg til trygge buforhold for vanskelegstilte på bustadmarkedet, slik som bustøttelova. I tillegg har vi ansvar for fagleg oppfølging av Husleigetvistutvalet.

Seksjonen består av leiar og seks sjølvstendige, kompetente medarbeidarar.

Arbeidsoppgåver

  • regelverksutvikling (lov og forskrifter)
  • fortolking og informasjon om regelverk
  • førebu forvaltningsavgjerder

Andre oppgåver innanfor ansvarsområdet til seksjonen kan vere aktuelle. Arbeidet omfattar både oppgåver der det blitt gitt sjølvstendig ansvar, og oppgåver med utprega samarbeid med andre medarbeidarar. Stillinga som seniorrådgivar inneber oppgåver som krev tyngre analytisk kompetanse og høgare grad av sjølvstende, men begge stillingane vil ha oppgåver med stort spenn som gir fagleg utvikling.

For tida jobbar seksjonen blant anna med utvikling av ny bustadsosiallov, etableringar av "leige til eige" konsept, utviding av Husleigetvistutvalet og tilrettelegging for digitalisering innanfor fagområda våre.

Vi er opptekne av fagleg utvikling for den enkelte. Gjennom gode leveransar er det store høve for å ta initiativ til utviklinga på fagområdet. Nytilsette medarbeidarar får tildelt fadder og deltek i eit opplæringsprogram for nytilsette.

Kvalifikasjonar

Nødvendige kvalifikasjonar

  • master i rettsvitskap eller juridisk embetseksamen
  • god skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • analytisk evne og godt juridisk skjøn

Vi har ei stilling for førstekonsulent/rådgivar. For stillingskode som rådgivar krevst det normalt ca. 3 års arbeidserfaring som jurist. Kandidatar med kortare erfaring eller nyutdanna kandidatar/kandidatar i haust kan søkje førstekonsulent. Vi gjer merksam på at for å tiltre i stillinga må du kunne dokumentere fullført vitnemål.

Vi har ei stilling som seniorrådgivar. Stillinga som seniorrådgivar krev normalt minst 5 års relevant juridisk arbeidserfaring.

Erfaring frå relevant fagområde vil vere positivt, men til stillingane vil det òg bli lagt stor vekt på kor personleg eigna ein er, på dokumenterte gode resultat og på motivasjon.

Ønskjelege kvalifikasjonar

  • kunnskap om bustadrett
  • kunnskap om EØS-rett og statsstøtteregelverket
  • kunnskap om reglane for behandling av personopplysningar (GDPR)
  • dokumentert gode resultat frå studium/arbeid

Personlege eigenskapar

Vi søkjer ein medarbeidar som er motivert til å jobbe med fagområdet vårt, og som er nysgjerrig på nye utfordringar og på å utvikle seg.

Du bør vere:

  • analytisk og løysingsorientert
  • sjølvstendig
  • målretta
  • nøyaktig

Du må trivast med å jobbe tett med ulike personar og ulike faglege problemstillingar, og dette krev god samarbeidsevne. Vi jobbar med både langsiktige tyngre oppgåver samtidig som at presserande hasteoppdrag må løysast. Du må kunne omstille deg raskt og handtere stress. Vi treng medarbeidarar som er fleksible og som evnar å levere gode resultat under tidspress.

Vi legg stor vekt på om du er personleg eigna for stillinga.

Utdanning og erfaring må dokumenterast med CV, vitnemål og attestar.

Vi tilbyr

Vi ønskjer deg velkomen inn i eit arbeidsfellesskap med dyktige kollegaer som er stolte av jobben sin.

  • ein spennande jobb i eit sterkt fagmiljø
  • gode forsikrings- og pensjonsordningar, med automatisk medlemskap i Statens pensjonskasse
  • fleksibel arbeidstid
  • høve til trening i arbeidstida

Løn: Stillinga som førstekonsulent/rådgivar er løna frå kr 480 000 - 600 000 pr. år. Stillinga som seniorrådgivar er løna frå kr 550 000 - 750 000 pr. år. Stillings- og lønsinnplassering avheng av erfaring og kvalifikasjonar.

Frå løna blir det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Slik søkjer du

Send søknad elektronisk via lenkja «Søk stillinga» øvst på denne sida.

Eit godt arbeidsmiljø er prega av mangfald, og vi oppmodar alle kvalifiserte til å søkje - uansett alder, kjønn, funksjonsevne, etnisk bakgrunn, seksuell legning eller hol i CV-en. Arbeidsforholda vil bli lagde til rette for medarbeidarar med nedsett funksjonsevne.

Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurderte som søkjarar i desse gruppene, det vil seie positivt særbehandla på denne måten, må søkjarane oppfylle visse krav.

Les meir om krava i Arbeidsgjevarportalen.

Vi oppmodar søkjarar til å krysse av i jobbsøkjarportalen dersom dei har funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Avkryssingane i jobbsøkjarportalen dannar grunnlag for anonymisert statistikk, som alle statlege verksemder publiserer i årsrapportane sine.

Godt medarbeidarskap er viktig for oss.

KMD samarbeider med Meditor om bakgrunnssjekk av aktuelle kandidatar. Bakgrunnssjekken blir utført etter samtykke frå deg som søkjar og inneber at vi verifiserer CV og annan søknadsdokumentasjon i samband med tilsetjinga.

I samsvar med offentleglova 25 gjer vi merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bede om å ikkje bli ført opp på søkjarlista.

Kontaktperson: For nærmare opplysningar om stillinga: Kontakt avdelingsdriektør Jens Christian Leonthin på tlf. 22 24 71 69 eller
Jens-Christian.Leonthin@kmd.dep.no.

Powered by Labrador CMS