LEDIG STILLING:

Utgreiar i Høgsterett

Søknadsfrist: 9.september

Om arbeidsgiver

Høgsterett er landets øvste domstol og ei av dei tre statsmaktene. Hovudoppgåva til Høgsterett er, gjennom sine avgjerder, å bidra tilrettsavklaring og rettsutvikling innanfor dei rammene som følgjer av Grunnlova, lovverket og Noregs folkerettslege plikter. 

Høgsterett blir leidd av justitiarius og har i tillegg 19 dommarar.

Domstolen har ei juridisk utgreiingseining og eit administrativt støtteapparat med om lag 50 medarbeidarar som blir leidd av direktøren.

Den juridiske utgreiingseininga består av ein leiar, to nestleiarar, 23 utgreiarar og to protokollsekretærar.

Utgreiingseininga arbeider for dommarane i Høgsterett. Arbeidet omfattar både sakene i Høgsteretts ankeutval og i avdelingane i Høgsterett.

Søknadsfrist: 9.september

Arbeidssted: Oslo

Jobbtype: Utgreiarar

Type stilling: Engasjement

SØK STILLINGEN HER

2 til 3 utgreiarar.

Om stillinga

I juridisk utgreiingseining er det ledig 2-3 åremål som utgreiar.

Som utgreiar i Høgsterett får du:

  • spennande juridiske arbeidsoppgåver innanfor eit breitt fagfelt
  • eit unikt innblikk i arbeidet med å seie avgjerder av stor betydning for samfunnet
  • variasjon mellom straffesaker og sivile saker
  • høve til fagleg fordjuping med fokus på kvalitet
  • arbeide for nokre av dei fremste juristane i landet
  • unik praksis for alle juridiske stillingar
  • jobbe i eit godt og triveleg miljø

Utgreiarane behandlar materielle og prosessuelle spørsmål i saker frå alle rettsområde innan privatrett, offentleg rett og strafferett.

Ved anke over dom skal utgreiinga for ankeutvalet avklare om saka reiser prinsipielle spørsmål som bør behandlast av Høgsterett. Anke over orskurd og vedtak blir utgreidde slik at ankeutvalet kan avgjere saka endeleg.

I saker der det blir gitt samtykke til ankebehandling, bistår utgreiarane dommarane både under saksførebuinga og ved behandlinga av saka i avdeling.

I tillegg har utgreiarane andre, varierte oppdrag for justitiarius, dommarane og direktøren.

Praksis som utgreiar i meir enn to år er godkjent som praksis til advokatløyve.

Åremålet er på sju år utan høve til forlenging. Det er likevel høve til å gjenta åremålet éin gong. Tilsetjing i nytt åremål skjer etter ordinær tilsetjingsprosess.

Kvalifikasjonskrav

Stillinga krev svært gode juridiske kvalifikasjonar, og kjennskap til prosessfaga. Søkarane må ha fullført masterstudiet i rettsvitskap med svært gode eksamensresultat.

Det vil bli lagt vekt på evne til å kombinere grundigheit og effektivitet, evne til å arbeide sjølvstendig og prioritere mellom løpande oppgåver, god skriftleg framstillingsevne, gode samarbeidsevner, god serviceinnstilling og god rolleforståing. Gode engelskkunnskapar er ein fordel.

Det er ein fordel med erfaring frå domstol, advokatverksemd, påtalemakta eller anna relevant offentleg verksemd, men nyutdanna og kandidatar som fullfører studiet hausten 2025, kan òg søkje.

Vi tilbyr

Stillinga som utgreiar blir ved tiltreding lønt frå 650 000 til 900 000 kroner (1434 rådgivar / 1364 seniorrådgivar), alt etter kvalifikasjonar og erfaring.

Arbeidstida følgjer normalarbeidstida i staten. Vi har fleksibel arbeidstid og ei ordning for heimekontor. Det er høve til trening i arbeidstida.

Tilsetjing skjer elles på dei vilkåra som til kvar tid gjeld for tilsette i staten. Som tilsett vil du mellom anna få medlemskap i Statens pensjonskasse.

Slik søkjer du

Du sender søknaden din ved å bruke det elektroniske søknadsskjemaet på denne sida ("Søk stillinga"). Vi ber om at du legg ved vitnemål og relevante attestar. Vitnemål frå norske utdanningsstader blir lasta opp frå Vitnemålsportalen.

Etter søknadsfristen vil det bli utarbeidd offentleg søkarliste. I samsvar med offentleglova § 25 gjer vi merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli ført opp på søkarlista.

Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som treng det.

Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, det vil seie positivt særbehandla på denne måten, må søkjarane oppfylle visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgivarportalen (https://arbeidsgiver.dfo.no/strategisk-hr/inkluderingsarbeid/bli-bedre-pa-rekruttering/hvordan-skrive-stillingsannonser-som-inkluderer/positiv-saerbehandling-nar-man-soker-jobb-i-staten).

Vi oppmodar søkjarar til å krysse av i jobbportalen dersom dei har funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Avkryssingane i jobbsøkjarportalen dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer om.

Spørsmål om stillingen

Knut Aastebøl, utgreiingsleiar, 22 03 59 18

Christine Weigård, nestleiar, 22 03 59 08

Powered by Labrador CMS