LEDIG STILLING:
1-2 stillingar som førstekonsulent/rådgjevar/seniorrådgjevar
Søknadsfrist: 3. november
Vi ser etter deg som vil jobbe med økonomisk utvikling og grøn omstilling.
Kva gjer vi i seksjonen?
Seksjonen har ansvar for samanhengen mellom økonomisk utvikling og grøn omstilling.
Seksjonen har tre hovudfelt: energiomstilling, berekraftig næringsliv og berekraftig finans.
Seksjonen forvalter statens eigarskap til Enova og har ansvar for departementet sitt arbeid med bærekraftig finans og rettferdig omstilling, herunder oppfølging av Rådet for rettferdig omstilling. Seksjonen har vidare oppgaver knytt til bærekraftig næringsliv, CBAM, energiomstilling, samt ansvar for klimapartnerskap og oppfølging av Klimautvalet 2050. Seksjonen koordinerer òg departementet sitt arbeid med skatt og avgift og har det overordna ansvaret for arbeidet med samfunnsøkonomiske analyser i departementet.
Dine arbeidsoppgåver inneberer:
- Lov- og forskriftsarbeid knytt til EU-forordninga om karbongrensejusteringsmekanismen.
- Oppgåver knytt til gjennomføring av internasjonalt regelverk.
- Tverrfagleg og tverrsektorielt samarbeid internt i departementet og opp mot andre departement og underliggjande etatar.
- Rådgjeving og utgreing av rettslege spørsmål knytt til seksjonens ansvarsområde.
- Forberede og gje faglege råd til politisk leiing.
- Øvrige oppgaver innanfor seksjonens ansvarsområde.
Vi søkjer deg som har følgande bakgrunn:
- Juridisk embetseksamen eller master i rettsvitenskap med gode karakterar.
- Minst ett år relevant arbeidserfaring for å bli vurdert som rådgjevar og minst fem års relevant arbeidserfaring for å bli vurdert som seniorrådgiver.
- Har god samfunnsforståing og politisk innsikt.
- Har god formuleringsevne på norsk og engelsk, både skriftleg og munnleg.
- Erfaring frå offentleg sektor på ulike nivå, kjennskap til politiske prosessar og tverrfagleg samarbeid er ein fordel.
- Det vil vere ein fordel med erfaring fra EU/EØS-arbeid.
Stillinga krev at du må kunne autoriserast for tilgang til informasjon gradert BEGRENSET etter sikkerheitsloven. Se nsm.no
For å lukkast:
- Det vert stilt høge krav til sjølvstende, samarbeids- og gjennomføringsevner.
- Du tenker strategisk, samstundes som at du raskt sett deg inn i nye problemstillingar.
- Du kan presentere komplekse saksforhold på ein lettfattleg måte
- Du tek initiativ, er fleksibel og jobber strukturert og planmessig.
- Du trivast i ein travel arbeidskvardag og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø.
Det vil bli lagt stor vekt på personlige eigenskapar.
Kvifor skal du jobbe hos oss?
- Du kan bidra til samfunnsmålet om eit grønt skifte.
- Du får moglegheit til å bidra med faglege råd for den politiske leiinga.
- Vi har eit fellesskap med engasjerte kollegaer som er stolte av jobben sin.
- Klima- og miljødepartementet gjev gode utviklingsmoglegheiter.
- Vi kan tilby mange sosiale, kulturelle og sportslege aktivitetar, inkludert 1 1/2 time trening i arbeidstida per veke. Lokala våre ligg sentralt i Oslo, med takterrasse, eigen sykkelparkering, og det er kort veg til offentleg transport. Vi arbeidar for fellesskap og samarbeid på tvers.
Vi er opptekne av:
Vi vil rekruttere den best kvalifiserte kandidaten til stillinga og treng derfor eit breitt rekrutteringsgrunnlag. I Klima- og miljødepartementet har vi eit personalpolitisk mål om å vere ein arbeidsgjevar som speglar mangfaldet i samfunnet, og som tek i bruk potensialet i den samla kompetansen i befolkninga. Vi arbeider for å inkludere personar med nedsett funksjonsevne og/eller som av ulike årsaker ikkje kan dokumentere ein samanhengande yrkeskarriere. Vi har gode tilretteleggingsmoglegheiter, og fleksibel arbeidstid tilpassa ulike fasar i livet.
Lønn:
Førstekonsulent: kr 557 100 - 624 500 (ltr. 57-64)
Rådgjevar: kr 604 900 - 720 100 (ltr. 62-72)
Seniorrådgjevar: kr 679 700 - 845 900 (ltr. 69-79). For særlig kvalifiserte søkarar kan noko høgare lønn vurderast.
2 % innskot til Statens pensjonskasse blir trekt frå lønna.
Er dette stillinga for deg? Les dette:
- Vi ber om at du lastar opp vitnemål/karakterutskrifter (som kan hentast direkte frå Vitnemålsportalen) og relevante attestar.
- Utanlandske vitnemål må vere godkjent, sjå meir på hkdir.no.
- Vi tek vare på personopplysningane dine i samsvar med GDPR.
- Ver merksam på at opplysningar om deg kan bli offentleggjort sjølv om du har bede om å bli unnateken frå søkjarlista. Du blir i så fall orientert om dette på førehand.
- Kvalifiserte kandidater med ulik arbeids- og livserfaring blir oppmoda til å søkje.
Spørsmål om stillingen:
Cecilie Børnes Utgård
Avdelingsdirektør
93 06 95 37
cecilie-bornes.utgard@kld.dep.no
Linn Bergland
Seniorrådgiver
47 85 57 42
linn.bergland@kld.dep.no