LEDIG STILLING:

God i både leiing og juss?
Embete som domstolleiar ved Øvre Telemark tingrett

Søknadsfrist: 3. november

Domstolane er den tredje statsmakta. Noreg har 49 domstolar med om lag 2000 medarbeidarar. Som samfunnet sin viktigaste konfliktløysar er domstolane avhengig av tillit Det vil seie at verksemda må innfri samfunnet sine krav og forventningar.

Domstolane er avgjerande for at vi har eit trygt og godt samfunn basert på tillit. Tillit mellom menneske og styresmakter, men også mellom deg og meg. Alle skal ha tillit til og respektere avgjerdene våre, uavhengig av utfall. Hos oss kan kvar og ein få avgjort si sak, sett strek og kome seg vidare. 

Med vår rolle følgjer eit stort ansvar. Avgjerdene våre er uavhengige og upåverka av styresmakter eller press frå andre miljø. Domstolane arbeider med komplekse og svært variererte juridiske problemstillingar. 

Øvre Telemark tingrett er lokalisert på rettsstadene Kviteseid og Notodden. Kontorstad for stillinga er valfritt, men det er ein føresetnad med nærvær på begge rettsstadene. Domstolen har i dag ei samla bemanning på 9,7 årsverk. 

Du vil leie eit tverrfagleg miljø med svært kompetente kollegaer som alle deler eit engasjement for samfunnsoppdraget vårt. Domstolen omfattar kommunane Fyresdal, Hjartdal, Kviteseid, Midt-Telemark, Nissedal, Notodden, Seljord, Tinn, Tokke og Vinje.



Søknadsfrist: 3. november



Arbeidsstad:  Notodden/Kviteseid

Jobbtype: Fast/ Heiltid

Type stilling: Jurist




SØK STILLINGEN HER

Om stillinga

Dersom ditt faglege engasjement spenner over både leiing og juss, kan rolla som domstolleiar vere interessant for deg. Noregs domstolar er samfunnets fremste konfliktløysar. Vi skal sikre og fremje rettstryggleiken og verne om rettssamfunnet. Uavhengigheit og tillit er føresetnader for dette.

Domstolane skal vere brukar- og utviklingsorientert. Vi arbeider difor med forbetring av arbeidsprosessar, der KI og andre digitale verktøy spel ei sentral rolle. Du vil ha ei pådrivarrolle i dette arbeidet. Ein viktig leiaroppgåve er også å tilretteleggje for godt fagmiljø og arbeidsmiljø som tiltrekk seg dyktige og engasjerte medarbeidarar.

Arbeidet krev ein grunnleggjande forståing for domstolane sin rolle i samfunnet og ivaretaking av rettstryggleiken. Relasjonskompetanse og ein god dialog med medarbeidarar, partar og aktørar er ein forutsetnad.

Arbeidsoppgåver

Dei viktigaste arbeidsoppgåvene dine vil vere: 

  • styring og ansvar for mål og resultat
  • ansvar for den dømmande verksemda og saksbehandlinga
  • å leie, motivere og inspirere medarbeidarane i domstolen
  • å bidra til felles kultur i eigen domstol og for Noregs domstolar
  • å planleggje for optimal bruk av ressursane til domstolen for å sikre effektiv saksavvikling
  • å leggje til rette for gode fagmiljø og for at medarbeidarane i domstolen har den riktige kompetansen
  • å vere utviklingsorientert og halde deg oppdatert innan leiarfaget
  • å vere dommar og administrere eigne saker

Kven er du?

For å bli domstolleiar må du ha følgjande kompetanse:

  • Juridisk embetseksamen/cand. jur eller master I rettsvitskap
  • Brei yrkes- og livserfaring er ønskjeleg, noko du vil få bruk for i dei mange ulike sakene du vil handtere, og i møte med menneske.
  • God skriftleg og munnleg førestellingsevne er viktig.
  • Kjenne lover og avtaleverk for arbeidsgivarar i offentleg verksemd
  • Kunnskap om økonomistyring
  • Sjå moglegheitene digitale verktøy gir for å effektivisera arbeidsprosessar.

Du må vere norsk statsborgar. Det krevst utvida politiattest dersom du blir innstilt.

Personlege eigenskapar

  • Du skaper tillit og er tydeleg. Samstundes har du stor respekt for kompetansen og erfaringa til medarbeidarane dine. 
  • Du er samarbeidsorientert og forstår at det er viktig å involvere og motivere medarbeidarar i utviklinga av domstolen.
  • Du må ha god gjennomføringsevne og evne til å ta avgjerder. 
  • Brei yrkes- og livserfaring er ønskjeleg, noko du vil få bruk for i dei mange ulike sakene du vil handtere, og i møte med menneske.


















Kva tilbyr vi?

Forutan ein svært variert arbeidskvardag og eit viktig samfunnsoppdrag kan vi tilby deg følgjande i denne stillinga: 

  • stort rom for kontinuerleg utvikling i eit spennande fagmiljø
  • kompetanseprogram for dommarar og leiarar
  • høve til éin månads studiepermisjon kvart fjerde år
  • faglege samlingar og samarbeid med andre domstolar
  • gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse

Ved tilsetjinga tilbyr vi årslønn, som for tida er kr 1 485 900,-.

Generelle føresegner

Noregs domstolar ønskjer å vere ein inkluderande og mangfaldig arbeidsplass der alle medarbeidarar blir verdsette og har like moglegheiter. Mangfald er ein styrke, og vi vil tilretteleggje for tilsette med ulike behov. Les meir om høvet til positiv særbehandling her: https://arbeidsgiver.dfo.no/positivsaerbehandling.

Den som blir utnemnd, må utan erstatning finne seg i dei endringane som måtte bli gjorde i rettskrinsen til og organiseringa av domstolen, f.eks. samanslåing med andre domstolar. Omorganisering kan føre til bortfall av leiaransvar, administrative oppgåver, endring av tittel og/eller ny kontorstad.

Personopplysningar i søknad og CV til stillinga blir handterte i samsvar med personopplysningslova. Du kan lese meir om personvern på www.domstol.no. Der finn du òg generell informasjon om domstolane. 

Vi utarbeider offentleg søkjarliste og viser til offentleglova § 25 andre ledd for høvet til å bli unnateken frå denne. Etter at søknadsfristen har gått ut, vil offentleg søkjarliste vere tilgjengeleg på Søkerlister - Innstillingsrådet for dommere | Norges domstoler.

Generell informasjon til søkjarane finst på www.domstol.no/innstillingsradet. Vi viser spesielt til Innstillingsrådets Praksisnotat, kap. 6,”Lederkompetanser”.

Søknad med CV, vitnemål og attestar skal sendast elektronisk via lenkje på denne sida: ”Søk denne stilling. Ver venleg å opplyse i søknaden kvar du først såg stillingsutlysinga.

Spørsmål om stillinga

Unni Sandbukt, leiar, Innstillingsrådet for dommarar

Tlf: 77 30 34 00

Unni.Sandbukt@domstol.no

Solveig Moen, avdelingsdirektør, Domstoladministrasjonen

Tlf: 73 56 70 00

Solveig.Moen@domstol.no

 

Powered by Labrador CMS