LEDIG STILLING:
Sturlason AS Polyfoto - Bildet skal krediteres med Foto: Sturlason
DIREKTØR I NOREGS HØGSTERETT
Søknadsfrist: 10.desember
Embetet
som direktør i Høgsterett er ledig frå 8. januar 2026.
Om stillinga
Arbeidsoppgåvene til direktøren er krevjande og varierte. Direktøren leier
Høgsteretts juridiske og administrative støtteapparat, med det overordna
ansvaret for mellom anna økonomiforvaltning, organisasjonsutvikling,
organisering av saksavvikling generelt og personalforvaltning. Vidare har
direktøren det overordna ansvaret for Høgsteretts omfattande utoverretta
verksemd, både nasjonalt og internasjonalt, og for informasjonsverksemd og
tryggings- og beredskapsarbeid i Høgsterett. Det er på alle område eit tett og
nært samarbeid mellom høgsterettsjustitiarius og direktøren.
Kvalifikasjonar
Juridisk embetseksamen eller master i rettsvitskap med gode resultat.
Stillinga krev gode leiareigenskapar og relevant erfaring innanfor strategisk
leiing.
I tillegg
vil det vere ein fordel med:
- God kjennskap til funksjonen og rolla domstolane har i samfunnet
- Brei og god samfunnsinnsikt
- Erfaring frå offentleg forvaltning
- Relevant kunnskap om digitalisering og bruk av KI
Personlege eigenskapar
· Trygg
og tydeleg leiar, med evne til å motivere og inspirere
· Sterke
samarbeidsevner og evne til å byggje tillit og gode relasjonar på tvers i eigen
organisasjon og eksternt
· Utprega
serviceinnstilling
- Strategisk og utviklingsorientert, med evne til å sjå heilskap og samanhengar
- God gjennomføringsevne
- Fleksibel
Det er
vidare ønskjeleg med god munnleg og skriftleg framstillingsevne – både på norsk
og engelsk – og med stor arbeidskapasitet og arbeidsglede.
Det vil
bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar.
Norsk
statsborgarskap er ein føresetnad for å kunne bli tilsett i embetet. Du må
kunne tryggingsklarerast for nivået Strengt Hemmeleg.
For
nærare informasjon om embetet kan du ta kontakt med justitiarius Toril Marie
Øie eller dommar Bergljot Webster på telefon 22 03 59 00, eller med direktør
Bente Kraugerud på mobiltelefon 95 74 75 14.
Kontakt gjerne vår samarbeidspartnar Capus AS. Du kan ta kontakt med
Beate Svanes på mobil 918 33 000, e-post beate.svanes@capus.no
, eller med Peder Lund på mobil 977 35 088, e-post peder.lund@capus.no
Løn etter
avtale og innanfor Statens leiarlønssystem.
Det er eit personalpolitisk mål at
arbeidsstaben skal spegle samansetjinga i befolkninga generelt – også når det
gjeld kjønn og kulturelt mangfald. Etter at søknadsfristen er gått ut, vil det
bli utarbeidd ei offentleg søkjarliste. Vi gjer merksam på at opplysningar om
søkjaren kan bli offentleggjorde, sjølv om ein har bede om ikkje å bli oppført
på den offentlege søkjarlista. Søkjarar vil i så fall få varsel før
offentleggjering.